Bli betre kjend med Arne Torget i ny episode av «På tur i bilar med sjel».
Bli betre kjend med Arne Torget i ny episode av «På tur i bilar med sjel».

Ny episode ute no!

Stuntpoeten blir med i gammal Volvo-klassikar.

I andre episode av «På tur i bilar med sjel» har Ståle Eskeland med seg«Norske talenter»-aktuelle Arne Torget. Sjå episoden i toppen.

Volvo F-serie kom i 1977, og var ein moderne bil i forhold til forgjengaren. Han hadde oppgraderingar som gjorde sjåføren sin arbeidsdag meir komfortabel, og sikker.

F-10, F12 , og toppmodellen F16 vart produsert fram til 1993.

Volvo heldt seg til den sekssylindra rekkemotoren i alle modellane, og det finst vel knapt noko meir slitesterkt.

Denne gamle slitaren er frå 1979, og har trilla dei fleste kilometrane sine i Sunnhordland for entreprenør John R. Spissøy.

Slik såg Volvoen ut etter kollisjonen. I dag framstår han i ny drakt.
Slik såg Volvoen ut etter kollisjonen. I dag framstår han i ny drakt.

Det må seiast at bilen vart krasja på 90-talet, og at mannen bak rattet, programleiaren vår var redd det var bilen sin siste tur. Det vart det heldigvis ikkje.

Han vart berga, restaurert og er tilbake på vegen.

Her kan du sjå første episode med Bjørn Arve Lunde.

Les også:Slik er Sunnhordland si nye videosatsing