GLAD: Stord folkehøgskule får 750.000 kroner i planleggingsmidlar etter omfordeling i statsbudsjettet. Styreleiar Lars Solberg orienterte om nyheita tysdag, saman med lokale representantar frå regjeringspartia. Foto: Ingvild Siglen Berger

Ny folkehøgskule på Stord får 750.000 kroner

Regjeringa har bestemt at Stord folkehøgskule vert tildelt 750.000 kroner i planleggingsmidlar for 2020.

– Planleggingsmidlar betyr ikkje at me er garantert oppstart. Men det betyr at styresmaktene likar søknaden og konseptet og ber oss visa at det faktisk lar seg realisera gitt konsesjon, skriv prosjektleiar Geir Angeltveit, som for tida er på reise i Japan.

Tysdag vart Angeltveit ringt opp på Facetime av Øyvind Kyvik (H), då lokale representantar for regjeringspartia og styreleiar for folkehøgskulen, Lars Solberg, var samla for å snakka om den gode nyheita.

– No skal eg feira!, sa Angeltveit over telefonen.

Les også
Slik skal dei få ny folkehøgskule inn i statsbudsjettet

Brei støtte

Regjeringa har omfordelt 200 millionar i statsbudsjettet, og no er det altså klart at ny folkehøgskule på Stord nyt godt av dette.

– Det er flott å få inn eit så fantastisk tiltak som dette. Me ser den breie støtta skulen får, og no vert det opp til Stordsamfunnet å driva saka vidare saman. Dette er ein unik mogelegheit, seier Kyvik.

– Me ser veldig fram til at dette vert ein realitet, seier Marte Djuvsland (Frp).

Saman med Torbjørn Brosvik (KrF), Kristin Steinsland (V) og styreleiar Solberg, møtte ho pressa på Stord rådhus. Lokalpolitikarane har jobba tett inn mot sine kontaktar i regjeringa den siste tida.

– Me opplev brei støtte lokalt og regionalt, både frå næringslivet og alle politiske parti, seier styreleiaren.

Både kommunen og fylkeskommunen har fått fleire støttebrev om skulen.

I JAPAN: Prosjektleiar Geir Angeltveit vart ringt opp av Øyvind Kyvik (H) frå rådhuset. Marte Djuvsland (Frp) til høgre og styreleiar Lars Solberg til venstre. Foto: Ingvild Siglen Berger

Ambassadørar

Ifølgje Angeltveit er det så vidt han kjent ingen søkjarar som har teke imot planleggingsmidlar som ikkje har fått oppstart.

– Men her er det opp til Stord-samfunnet å visa at me kan få det til. Med alle dei langsiktige goda og mogelegheitene ein folkehøgskule vil bety, skriv han i ein e-post.

Ein folkehøgskule på Stord vil bety 20 årsverk, 25 arbeidsplassar og opp til 125 elevar frå heile landet som årleg vil få ei tilknyting til Stord.

– 25 arbeidsplassar eg viktig. Samstundes får ein 125 elevar til skulen kvar år. Dei vert vidare ambassadørar for Stord, meiner Brosvik.

– Også handlar det om å gripa fatt i elevane, slik at dei vert verande, meiner Kyvik.

SKULEN: Slik vert skulen i Studalen illustrert i søknaden. Foto: Illustrasjon

Rett tid

Styreleiar Solberg peikar på at Sunnhordland er ein region i omstilling.

– Me kjem til å driva med olje og gass lenge etter eg er død, men omstillinga har starta alt no. Då kjem slike arbeidsplassar godt med, meiner han.

– Dette er rett skule til rett tid, med riktige fag, seier Brosvik.

I etableringssøknaden går det fram at forslag til linjer på skulen er «entreprenørskap», «samfunnstryggleik og -beredskap», «filmskaparen», «motocross», «idrett» og «fjord, fjell og friluftsliv».

– Det er kult med fag som ein ikkje nødvendigvis ser andre plassar, seier Steinsland.

Solberg beskriv tildelinga av planleggingsmidlar som eit nålauge dei no har komme gjennom.

– Det er veldig kjekt å få komma vidare. No er det stor sjanse for at dette vert realisert. Eg trur ein folkehøgskule er viktig for attraktiviteten til Sunnhordland. No vert det fullt trykk på vegen framover for å få realisert planane, seier han.

GJEV MIDLAR: Frå venstre er Øyvind Kyvik (H), Marte Djuvsland (Frp), styreleiar Lars Solberg, Kristin Steinsland (V) og Torbjørn Brosvik (KrF), som alle er svært glade for midlane som no kjem folkehøgskule-prosjektet til gode. Foto: Ingvild Siglen Berger

Ein gledas dag

Sjølv synest han det er svært spennande å vera styreleiar for folkehøgskulen.

– Eg jobbar med eit stort og engasjert interimsstyre. Ein del av prosessen vidare vert å kapitalisera selskapet. Så går nok interimsstyret over til å «berre» kallast styre ein gong neste år, seier Solberg.

Planen er oppstart av folkehøgskulen hausten 2021.

– Når ein folkehøgskule først er oppretta så skal det veldig mykje til for at han forsvinn, melder Angeltveit, som òg er kommunestyrepolitikar for Venstre på Stord.

Det var 1. april i år at interimsstyret søkte om løyve til å oppretta Stord folkehøgskule. Søknaden var ein av ti frå heile landet som vart fagleg vurdert av Utdanningsdirektoratet, som så har gjeve ei vurdering til Kunnskapsdepartementet. Det er på bakgrunn av desse vurderingane og forhandlingar i Stortinget om statsbudsjettet at ein har bestemt å gje midlane.

– Det er all grunn til å gle seg stort på vegner av Stord og Sunnhordland. Det er ikkje vanskeleg å vera positiv når ein har ein så gjennomarbeida og god søknad, med eit spanande konsept. Som representant for Hordaland er dette ein gledas dag, seier Terje Breivik (V) til Sunnhordland.

Les også
Vegen vidare for Stord Folkehøgskule