SMITTE: Ein person fekk fredag påvist smitte. Foto: Daniel DeNiazi

Ny person i Sveio er smitta

Ung mann har fått påvist koronasmitte.

Det er registrert éin ny Covid-19-smitta person i Sveio kommune.

Det dreier seg om ein ung mann, og prøven blei tatt i samband med smittesporinga som har gått føre seg på Haugalandet dei siste dagane, opplyser kommunen på sine nettsider.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio, Ingunn Toft, seier til Haugesunds Avis at mannen allereie satt i karantene som følgje av at han var i nærkontakt med ein av dei andre smitta på Haugalandet.

Les også
Koronasmitta stordabu var vakt på Frugård sist helg
Les også
Ber folk om å roa seg ned i kommentarfelta