Sju nye personar smitta med korona på Stord

Nærkontaktar er i karantene.

Fredag melder Stord kommune at fire utanlandske arbeidarar er i fritidskarantene ved Kværner Stord, etter å ha testa positivt på koronavirus. Det melder Stord kommune på sine heimesider.

– Utan symptom. Isolert. Nærkontaktar i karantene, skriv kommunen.

Alle fire fekk positivt resultat på prøve nummer to, tre av dei etter test torsdag og éin etter test onsdag.

Forventa nærkontaktar

I tillegg er ytterlegare tre stordabuar meldt smitta med covid-19, etter prøvar teke torsdag.

– Dette er alle forventa og nære nærkontaktar til mann 21 år. Dei har symptom, er isolerte, men ikkje alvorleg sjukdom. Ikkje knytt til restaurant, melder kommunen.

Les også
Dørvakt på Sjøhuset har fått påvist smitte

Lette symptom

Torsdag blei det meldt om fire nye smitta på Stord, og ein av desse er den 21 år gamle mannen.

– Dei har lette symptom og har ulike kjelder for smitte, ifølgje kommunen.

Lars Helge Sørheim, kommuneoverlege på Stord, fortel at resultata i dag er forventa.

– Det kan koma meir rundt desse tilfella. Alle er forventa, utan at det skal spreia angst i befolkninga elles. Dette er ikkje overraskande, seier han til Sunnhordland.

Les også
Mann (25) har fått påvist koronavirus. 13 nærkontaktar er i karantene