E39: Ny bilberging i Bømlafjordtunnelen. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Ny stopp i tunnelen

Bømlafjordtunnelen var stengd tysdag.

Like før klokka 09 tysdag morgon blei E39 Bømlafjordtunnelen stengd på grunn av bilberging.

– Bilbergar på staden, melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter.

Trafikkoperatør hos Vegtrafikksentralen, Hanne Nordheim, seier til Sunnhordland i 09.20-tida at det blir jobba med å få ut ein lastebil frå tunnelen.

– Me tek sikte på å opna for trafikk i løpet av dei neste 15-20 minutta, kanskje før, seier ho.

Rett før klokka 09.30 blei tunnelen opna for trafikk.

Les også
«Havari-texas» i Bømlafjordtunnelen – tre bilar på under to timar