DELTAVIRUS: Ein av dei 50 som blei testa på koronasentralen tysdag har fått påvist delta-viruset. ILLUSTRASJONSFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Nytt smittetilfelle i Fitjar - har fått påvist delta-virus

Ein av dei 50 som testa seg tysdag har fått påvist den såkalla delta-varianten av koronaviruset. Den smitta var vaksinert med ein vaksinedose.

Det skriv Fitjar kommune i ei pressemelding seint onsdag kveld.

– Dette utbrotet har såleis ført til fem smittetilfelle så langt. Dei om lag 70 personane som vart testa i dag ventar svar i morgon. Kriseleiinga skal ha nytt møte torsdag kl. 18.00 for å vurdera smittestatus og eventuelle konsekvensar, står det i meldinga.

Les også
Førebels ikkje nye tiltak i Fitjar etter utbrotet
Les også
To smitta var på revy på Fitjar

Er indisk variant

– Tidlegare i veka fekk smittevernlegen melding frå laboratoriet om at det ikkje såg ut til å vera Delta-virus knytt til det første tilfellet. I dag vart det meldt at det kan sjå ut for at den siste personen er smitta av delta-viruset. Dette vert rekna å vera langt meir smittsamt enn dei tidlegare versjonane. Vedkommande som fekk påvist smitte i dag hadde fått første vaksinedose for meir enn tre veker sidan, står det i meldinga.

Les også
Hotellsjefen etter smittetilfeller: – Dette er ikkje noko kjekt

10 døgn i karantene

I meldinga kjem det fram at dei som var på revyen og ikkje var beskytta av vaksine, har fått beskjed om å testa seg og gå i karantene.

– Ikkje alle desse er å rekna som nærkontaktar etter helsedirektoratet sin definisjon. Smittevernlegen meiner at arrangementet kan utgjera ein så stor smitterisiko at ein i dette tilfellet må bruka ein annan terskel for å rekna nærkontaktar. Deltakarar som er vorte testa må halda seg i smittekarantene i 10 døgn rekna frå laurdag kveld då dei var på revyen. Dette gjeld sjølv om testen er negativ. Etter 7. dag kan ein be om ny test og komma seg ut av karantene omgåande, dersom testen er negativ, står det i meldinga.

Lette symptom

Så langt smittevernlegen kjenner til har dei som er smitta lette symptom, og ikkje pådrege seg alvorleg sjukdom.

Smittevernlege i Fitjar, Odd Jarl Kvamme, oppmodar alle som får symptom om å få testa seg.