FITJAR KOMMUNE: Eit nytt smittetilfelle av koronavirus er påvist i Fitjar. To personar er no påvist smitta i kommunen. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nytt smittetilfelle i Fitjar

Totalt to personar har no påvist koronavirus i Fitjar kommune.

Seint måndag kveld melder Fitjar kommune at dei har eit nytt påvist tilfelle av koronasmitte i Fitjar kommune.

– Det vart påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte i Fitjar kommune i dag 23. mars. Det er då to personar som har fått påvist smitte i Fitjar, melder ordførar Harald Rydland i ein e-post.

Testing for koronasmitte vert i utgangspunktet berre utført på personar med tydelege symptom til korona, eller at dei arbeider i helsevesenet. Det går nokre dagar frå testen er teken til resultatet er klart.

Eksakt smittestatus er det difor vanskeleg å seia noko sikkert om, opplyser Fitjar kommune. Fredag vart det kjend at ein person på Fitjar var påvist smitta av koronaviruset.

Les også
Ti pleiepasientar på Fitjar skal sitja i isolat på romma sine i endå ei veke, utan samvær med verken pårørande eller kjente