Nytt smittetilfelle i Kvinnherad

Skal i gang med testing av nærkontaktar i dag.

Måndag fekk endå ein person påvist covid-19. Smittesporinga skal vera gjort og nærkontaktane blir følgde opp, melder kommunen på sine nettsider.

– Eg kan ikkje seia så mykje om vedkomande, anna enn at me har gjennomført smittesporing og føler me har god kontroll på nærkontaktar, seier kommuneoverlege Glenn André Opland til avisa Grenda.

Dette er det andre tilfellet på relativt kort tid. I sist veke testa ein tilreisande person positivt på koronaprøven.

– Det er snakk om ein ung person som høyrer til Bergen kommune, sa Opedal til Sunnhordland.

I går blei det kjent at Stord kommune hadde fått bekrefta smittetilfelle nummer 14.

– Dette er ein husstandsmedlem av ein person som har testa positivt og var såleis som forventa, sa kommunelege Lars Helge Sørheim til Sunnhordland.