Nytt smittetilfelle på Bømlo

Innreisesmitte registrert i kommunen.

Tysdag skriv Bømlo kommune på sine sider at ein person testa ved innreise 9. januar har fått påvist covid-19.

«Vedkommande har vore i innreisekarantene, og er no i isolasjon. Ein nærkontakt er også testa og sett i karantene. Prøvesvar er ikkje motteke enno», melder kommunen.

Dette er det 30. registrerte smittetilfellet i Bømlo kommune.

I helga var det elles tre innlagde pasientar på koronaavdelinga på Stord sjukehus. Måndag meldte Helse Fonna at éin av dei fekk intensivbehandling, og pasienten blei deretter flytta til Haukeland universitetssjukehus.

Les også
89 kommunar får berre eitt vaksineglas denne veka