Nytt smittetilfelle på Stord

Person nummer 14 i kommunen testa positivt på covid-19.

I helga blei nytt smittetilfellet registrert.

– Dette er ein husstandsmedlem av ein person som har testa positivt og var såleis som forventa, seier kommunelege Lars Helge Sørheim til Sunnhordland.

Per veke 37 er 2.216 personar koronatesta i Stord kommune. 14 har testa positivt. I helga var det utvida opningstider på koronasentralen i Sagvåg.

– Pågangen er meir moderat i forhold til folk med luftvegsinfeksjon, så det er bra, seier Sørheim.

Les også
Nytt smittetilfelle på Stord