KORONAVIRUSET: Ein ny person har testa positivt på Covid-19 i Stord kommmune. Her frå Kværner sine testfasilitetar på Heiane Vest sist veke, der både norske og utanlandske arbeidarar vart testa. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nytt smittetilfelle på Stord

Stord kommune opplyser at ein ny person har fått påvist covid-19-smitte.

Ein arbeidar har testa positivt på koronavirussmitte ved karantenebrakkene på Heiane Vest.

– Ein utanlandsk arbeidar i fritidskarantene ved Kværner meld positivt, etter test to dagar før, opplyser Stord kommune på sine nettsider.

Arbeidaren skal ikkje ha symptom, og er no i isolasjonsbrakke ved Akerhus-bustadene på Kjøtteinen. To nærkontaktar er også sett i karantene.

Per 17. oktober har 34 personar har sidan mars fått påvist covid-19-smitte i Stord kommune. 18 av dei som har testa positivt, har blitt oppdaga i Kværner sine eigne testfasilitetar ved karantenebrakkene på Heiane Vest. Alle arbeidarar som kjem til Stord, bur i desse brakkene til karantenetida er over, for å minimera smittefaren til lokalsamfunnet. Arbeidarane vert også testa tre gonger.

Helseføretaka, Helsedirektoratet, og FHI melder at 16.271 personar i Norge har fått påvist koronasmitte sidan i vår. 278 personar er døde, og 28 personar er innlagd på sjukehus per 17. oktober.

Les også
Er redde for stigmatisering av utanlandske arbeidarar