SMITTE: Ein person i Stord kommune fekk onsdag påvist koronasmitte. Foto: Per Lønning

Nytt smittetilfelle på Stord

Vedkommande skal nyleg ha komme heim frå Polen.

Ein person testa positivt på Covid-19 på Stord onsdag.

– Eg er kjent med at det er registrert ein nytt tilfelle og blei varsla i dag tidleg, seier Stord-rådmann Magnus Mjør til Sunnhordland.

Sit isolert

Vedkommande som er smitta skal ikkje ha vore sjuk og skal ha hatt avgrensa nærkontakt den siste veka. Ifølgje rådmannen skal personen ha halde seg til reglane etter innreise og sit no isolert.

– Vedkommande har vore på utlandsreise, har hatt lite symptom og er i god form. Test vart teke raskt etter symptoma kom og vedkommande har teke omsyn i det daglege på ein god måte før mistanken vart vekt. Det er starta varsling av nærkontaktar med karantene og testing av desse, melder Stord kommune på sine nettsider.

Første tilfelle sidan april

Me ber om skjerming av «Koronasentralen» i denne saka så langt det let seg gjera, då aktuelle nærkontaktar vert varsla, står det vidare.

Vedkommande er den sjuande registrerte koronasmitta i Stord kommune sidan mars. Det siste registrerte smittetilfelle var i midten av april, i veke 16.

Les også
Kværner-tilsett koronasmitta - jobbar med smittesporing på verftet