KONSERT PÅ SJUKEHEIMEN: 2. klasse musikk på Stord vidaregåande skule hadde konsert for dei nyvaksinerte seniorane på Stord sjukeheim på fredag. F.v. Johanne Aarvik Myhre, Liv Hanna Raunholm, Rebecca Wilhelmsen Irgens, Eldrun Frøya Einarsdotter, Noah Hilt Lidal. Også med, men ikkje på biletet: Magnus Abel Mehammer, Malene Mugaas Hegland, og ansvarleg lærar Siv Kvalsvik. Foto: Stord vidaregåande skule

Nyvaksinerte seniorar fekk elevkonsert på sjukeheimen

Berekraftsvekene nådde Stord sjukeheim.

FN sitt tredje berekraftsmål handlar om å sikra god helse, og å fremja livskvalitet for alle. Difor tok andre klasse musikk på Stord vidaregåande skule turen til Stord sjukeheim for å framføra prosjektet deira «Ønskekonsert».

– Etter lang tid i isolasjon var det spesielt for både bebuarar og dei unge gjestene å kunna treffast til ei flott stund med musikkformidling, melder Stord vgs. til Sunnhordland.

Elevane fekk også høyra eit foredrag av ein sjukepleiar på heimen, som fortalde om kor stor effekt musikk kan ha for dei eldre, og kva det har å seia for livskvalitet og helse. Ifølgje forsking skal musikk for dei eldre visstnok ha ein mykje større effekt, enn ein tidlegare har vore klar over.

Les også
Rekordmange nordmenn vil ta koronavaksine