Oma skal byggja el-ferje
Boreal og Oma Baatbyggeri har signert avtale om bygging av ny elektrisk ferje med katamaranskrog.
Ferja skal setjast i drift i Hordaland 1. januar 2020.
Boreal og Hordaland fylkeskommune ved Skyss signerte 26. april i år kontrakt om drift av tre ferjesamband i Hordaland. Den nye ferja som nå er kontrahert, skal trafikkere sambandet Kinsarvik–Utne.
– Dette blir ei kortreist ferje, som både byggjast og setjast i drift i Hordaland. Oma Baatbyggeri er kjent for høy kvalitet og god leveringsdugleik og har tidlegare bygget fleire snøggbåtar for oss. Me ser nå fram til samarbeidet om denne ferja, seier konsernleiar Kjetil Førsvoll i Boreal.
Sparar miljøet
Den elektriske ferja er utstyrt med batteripakker som kan ladast frå straumnettet, og har i tillegg dieselmotor som reserveløysing (plug-in hybrid elektrisk). Ferja skal oppfylle strenge miljøkrav, noko som inneber omfattande reduksjon i CO-utslepp og energibruk.
– Me tar i bruk ny teknologi, som både vil gje innsparing for miljøet og auka kvalitet for dei reisande. Sambanda skal driftast elektrisk med straum frå land. Det gir stor miljøforbetring, heile 92 prosent reduksjon av CO-utslepp, og 74 prosent reduksjon av det totale energiforbruket, seier Førsvoll.
Den nye ferja blir universelt utforma, og får gode sjøeigenskapar.
Nytt område
Driftskontrakten med Hordaland fylkeskommune v/Skyss omfattar sambanda Kvanndal–Utne, Kinsarvik–Utne og Skånevik–Matre–Utåker, og har ei lengd på ni år, med eitt års opsjon.
– Me ser fram til å få bidra til fornying og modernisering av ferjedrifta i Hordaland. Hordaland fylkeskommune og Skyss står fram som innovative med eit sterkt miljøfokus, og kontrakten passar svært godt med Boreal sitt mål om å vera leiande på miljøvennleg ferjedrift, seier Førsvoll i pressemeldinga.
Boreal har i sitt nybyggingsprogram bygd 15 miljøvennlege fartøy dei siste 5 åra, med ei samla investering på 1,1 milliardar kroner.
Sikrar arbeidsplassar
Prosjektet er veldig spennande for Oma Baatbyggeri, blant anna fordi det representerer nyskaping og eit nytt konsept.
– For oss er dette bygg nummer 540, men ferja er det første el-fartøyet me leverer. Dette er eit heilt nytt konsept som er skreddarsydd opp mot nye miljøkrav, seier dagleg leder Gustav Oma i Oma Baatbyggeri AS.
– Sysselsettingsmessig er oppdraget også viktig for oss, då det vil gje ein stabil arbeidssituasjon fram til vårparten 2019, seier Oma.
Boreal er eit leiande nasjonalt konsern innan kollektivtransport som opererer bussar, trikk, snøggbåtar og ferjer. Boreal Norge AS har hovudkontor i Stavanger. Konsernet har 2000 medarbeidarar over hele landet.
Den nye ferja er 42 meter lang, 11 meter brei og har kapasitet til 80 passasjerar og 16 personbilar, eller to vogntog. Ferja skal byggjast i aluminium.