OMKOM: Ei 18 år gammal jente omkom etter ei bilulukke i Matre i Kvinnherad i går kveld. Illustrasjonsfoto: Arkiv

Omkom etter scooter-ulukke

Ei 18 år gammal jente omkom etter ein kollisjon mellom ein scooter og ein bil i Kvinnherad.

Ulukka skjede på Baugstrandvegen i Matre i Kvinnherad. Politiet meldte først om ulukka klokka 20.16 i går.

– Trafikkulukke. Kollisjon mellom bil og scooter. Ukjend korleis ulukka inntrefte, stod det mellom anna i den første meldinga.

Her stod det vidare at jenta var åleine på scooteren, og at ho ikkje var bevisst.

Litt over klokka 23.00 måndag kveld meldte politiet at 18-åringen omkom. Politiet jobba med undersøkingar på staden utover kvelden og natta.

Les også
Har frigjeve namnet