SJUKEHUSBESØK: Denne veka opna regjeringa opp for besøk for pasientar som er innlagde på norske sjukehus. Helse Fonna seier at dei ikkje kjem til å opna for besøk – før dei er sikre på at dette kan skje på ein forsvarleg måte. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Opnar ikkje opp for pasientbesøk på sjukehusa enno

Helse Fonna ønskjer å vera på den sikre sida.

Under Helse Fonna sitt styremøte torsdag vart saka om pasientbesøk teke opp, etter at regjeringa og Folkehelseinstituttet (FHI) onsdag kom med nye tilrådingar. Som opna opp for besøk til pasientar som er innlagde på norske sjukehus.

– I tilrådingane er det framleis mange punkt som må takast i vare, slik at besøk kan skje på ein trygg og god måte. Det er også presisert at det må gjerast lokale tilpassingar, og det er opp til kvar enkelt helseføretak korleis ein organiserer dette. Helse Fonna skal difor sjå nærare på dette og vurdera tiltak, før ein opnar opp sjukehusa att for pårørande, melder Helse Fonna i ei pressemelding.

Les også
Skulane og barnehagane blir opna ytterlegare

Spesifikke utfordringar knytt til pasientbesøk er mellom anna det som har med avstandsreglar og handhygiene å gjera. Samt adgangskontroll med registrering, og avgrensing av talet på besøkjande.

– Difor må me planleggja dette grundig, før me opnar opp att for besøkjande, slik at me tek i vare tryggleiken for pasientar og tilsette. Det er den viktigaste oppgåva vår. Så får me koma tilbake med ein plan for dette i neste veke, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.