Støttetelefon: Om du er ung og treng nokon å snakka med kan du ringa støttetelefonen på 51 20 71 21. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Opprettar støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom

Vestland fylkeskommune opprettar no eit lågterskel tilbod, der unge under korona-pandemien kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse.

Tilbodet er eit supplement til skulane sine tilbod, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

– Landet vårt er inne i ein krisesituasjon, og når skular er stengt og lærlingar blir permittert, kan dette påverka elevar og lærlingar si psykiske helse på forskjellige måtar. Ungdom utanfor opplæring får heller ikkje den oppfølginga dei normalt ville mottatt. Det kan oppstå ekstra behov for å snakka med nokon om dette, skriv fylkeskommunen.

Støttetelefonen har nummer 51 20 71 21, og er open frå klokka 12.00-18.00 måndag - fredag, med oppstart torsdag 26. mars. Fylkeskommunen skriv vidare dette om tilbodet:

Les også
Kriseleiinga på Stord: – Viktig å vita at det er hjelp å få

Kven kan ringa?

Elevar, lærlingar, ungdom under oppfølging av OT og deira føresette. Du kan ringa anonymt. Dei som tek telefonen kan ikkje spora kven som ringjer.

Kva for spørsmål kan me hjelpa med?

Om du har behov for nokon å snakka med om uro, bekymringar, einsemd, vanskelege tankar og kjensler.

Kven samarbeider me med?

Skular, opplæringskontor, rettleiingstenesta, elev- og lærlingombodet. Den som ringjer vil bli møtt av fagpersonar med psykologisk kompetanse med erfaring frå arbeid med ungdom og unge vaksne.

Kva om du treng vidare oppfølging?

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom du treng hjelp som inneber vidare oppfølging, treng me samtykke til dette. Du kan då ikkje vera anonym.

Les også
No er koronalegevakta open