DRAUMEHUSET ENDA I RETTEN: Den nye einebustaden til Stord-ordførar Gaute Straume Epland er blitt advokatmat. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ordførar og byggjefirma står fire millionar kroner frå kvarandre etter husprosjekt. I dag starta rettssaka

Bygging av draumehuset enda i forseinkingar, pengesluk og dårleg stemning mellom Stord-ordførar Gaute Straume Epland og lokal byggentreprenør.

Entreprenørselskapet Ing. Jørgensen meiner at Stord-ordførar Gaute Straume Epland og sambuaren Kari Hilde Rommetveit skuldar over to millionar kroner etter å ha bygd huset deira i Klingenbergvegen på Stord.

– Privatsak

Tvisten står om kven som skal betala for dyre endringar, forseinkingar og om den omfattande meirforbruken av timar på prosjektet er rimeleg. Retten må ta stilling til om partane var samde om fastpris eller rekningsjobb då dei inngjekk kontrakten.

– Me reknar dette for å vera ei privatsak, og har ingen kommentar, uttala Gaute Straume Epland til Sunnhordland, då rettssaka starta i Sunnhordland tingrett tysdag.

Det saksøkte paret bad om å sleppa å bli fotograferte i tingretten tysdag.

HUSTVIST: Øyvind Gaute Berg (t.v.) er saksøkjar Ing. Jørgensen AS sin advokat i hustvisten mot Gaute Straume Epland og Kari Hilde Rommetveit. Sturla Vik-Vestly er representerer den saksøkte parten. Foto: Kjetil Østrem

Sluttfaktura

Ing. Øyvind Jørgensen AS har gått til sak mot Epland og sambuaren Kari Hilde Rommetveit, etter at partane ikkje har klart å bli samde om sluttfakturaen etter bygginga av huset til Epland og Rommetveit i Klingenbergvegen på Stord. Entreprenørselskapet står fast på at dei ikkje har gjeve tilbod om fastpris på jobben.

Ståle Tesdal, dagleg leiar i Ing. Øyvind Jørgensen AS, hevdar at sluttfakturaen er på nærmare 9,7 millionar kroner, medan Epland skal ha meint at han og kona, Kari Hilde Rommetveit, berre skal betala om lag 5,8 millionar kroner for jobben. Med fråtrekk og motkrav frå Epland og Rommetveit om dagmulkt står partane fire millionar kroner frå kvarandre.

Forlikstilbod

Før Ing. Jørgensen sin advokat Øyvind Gaute Berg starta innleiinga si, gjorde rettens administrator, konstituert tingrettsdommar Marte Lysaker, greie for at partane var gjennom rettsmekling i februar.

– Det blei framsett forlikstilbod frå begge partar, utan å koma til semje, opplyste Lysaker.

Epland og Rommetveit sin advokat, Sturla Vik-Vestly, stadfesta overfor Lysaker at det ikkje har vore dialog mellom partane sidan februar.

– Det er ikkje for seint for partane å prøva å koma fram til ei løysing. Mogelegheita for dette vil liggja der dei neste dagane også. Retten vil vurdera å få løyst tvisten i minnelegheit, og eg kjem til å ta dette opp att mot slutten av bevisføringa, opplyste Lysaker retten om.

Artikkelen held fram under annonsen.

25 endringspunkt

Øyvind Gaute Berg la fram ei «smørbrødliste» på 25 endringspunkt på husprosjektet. Endringane er av byggjefirmaet fakturerte til 2,7 millionar kroner utover prisoverslaget for prosjektet, som i utgangspunktet var på 6,3 millionar kroner.

Stipulert budsjett tok høgde for 2.150 tømrartimar på prosjektet. I Berg sitt innleiingsforedrag går det fram at avtalen om bygging mellom Ing. Jørgensen og Epland/Rommetveit, som blei inngått i mai 2019, alt før jul det året hadde runda 1.000 timar i meirforbruk på tømrararbeid.

Draumehus

Gjennom innleiingsforedraga av partane sine advokatar fekk retten innblikk i Epland og Rommetveit sine planar om å byggja draumehuset i Klingenbergvegen på Rommetveit. Dei gjer ein avtale med Jørgensen-selskapet Ormaberget AS om kjøp av hustomt, og avtale om ein totalentreprise for bygging av huset med Ing. Jørgensen AS.

Det blei lagt fram korrespondanse der Epland og Rommetveit gav uttrykk for at dei såg fram til byggjeprosessen, og at dei hadde tiltru til Ing. Jørgensen.

Men vinden snur relativt tidleg inn i prosjektet, og stemninga blir raskt dårleg mellom partane. Det oppstår misnøye hos kjøpar når det gjeld betong og grunnarbeidet, alt før kjøpskontrakten blir signert i mai 2019.

Deretter ballar det på seg. Kjøpar klagar på dårleg prosjektering og kommunikasjon, uspesifisert timebruk, dei påpeikar større og mindre feil og manglar, det blir trøbbel med levering og legging av eit eksklusivt golv og overtakinga av huset blir forseinka, og flytta frå 1. november 2019 til 1. mars 2020.

Endeleg overlevering skjer ikkje før i mai 2020.

– Upåliteleg

Vik-Vestly gjer greie for at hans klientar ser på Ing. Jørgensen AS som upålitelege, og at byggjeprosessen som paret hadde gledd seg til, blei ei belastning for heile familien, og har teke tid å koma over. Det blir samstundes hevda at Ing. Jørgensen viser ingen vilje til å koma dei i møte.

Det blir i retten dokumentert at Ing. Jørgensen meiner at Epland og Rommetveit har valt vanskelege løysingar på huset sitt som er uprøvde før, at dei er svake på eigeninnsats og hyppig kjem med «skyljebøtter» mot entreprenøren.

Saka held fram onsdag, då retten vil bli servert partsforklaringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er totalt sett av fem dagar til saka.