Arrangøren jobbar med å løysa problemet i båthamna.
Arrangøren jobbar med å løysa problemet i båthamna. Foto: Magne Kydland/Arkiv

Ordnar opp i båtplassproblem

Torsdag ettermiddag publiserte Tysnesfest eit innlegg på Facebook som omtalte at båthamna var full fram til i ettermiddag.

I kommentarfeltet til innlegget kom det fram at enkelte deltakarar som hadde reservert plass i førevegen, ikkje fekk sleppa til i hamna.

Styremedlem i Tysnesfest, Sigvard Madsen, meiner det er leit at folk ikkje kjem til, og fortel at dei held på å ordna opp i problemet.

– Me har hatt ein god runde, og gjer det me kan for å ordna opp, seier han.

Problemet kjem av at båtane som kom til Våge var langt større enn forventa.

– Me hadde rekna med at snittstorleiken på båtane kom til å vera rundt 35 fot, men no ser me at dei er på 41 fot, i tillegg til det var det mange som kjøpte båtplass i siste liten, så det vart vanskeleg å halda styr på, forklarar han.

Han erkjenn at det har vore eit problem, men at han har full tiltru til at det blir betre framover.

Les også: Éin i arresten og to tekne med narkotika