Marit Anne Åkra er øvste ansvarleg for valet i Stord kommune. Ho reknar med at klokka fort vert både 2 og 3 i natt før endeleg resultat er klart.
Marit Anne Åkra er øvste ansvarleg for valet i Stord kommune. Ho reknar med at klokka fort vert både 2 og 3 i natt før endeleg resultat er klart. Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV

Over 3.000 har røysta før valdagen

Klokka 21 i kveld kjem svaret på kva om lag 23 prosent av Stord sine veljarar har røysta.

Talet over dei som har førehandsrøysta i Stord kommune er ifølgje valgeneral Marit Anne Åkra 3.150. Dei som skulle røysta på førehand måtte gjera det før helga.

– Totalt er det om lag 14.000 røysteføre i Stord kommune, seier Åkra.

Ifølgje Åkra er det cirka 1.000 personar fleire som har førehandsrøysta i årets kommuneval, samanlikna med førre val for fire år sidan.

– Men det var om lag om lag 1.000 fleire som førehandsrøysta til stortingsvalet for to år sidan, seier Åkra.

Resultatet frå førehandsrøystinga kjem til å verta lagt ut på sidene valgresultat.no klokka 21 i kveld. Men det endelege valresultat for Stord er nok ikkje klart før seint i kveld eller natt.

– Eg skal jobba til me er ferdige i natt. Klokka vert fort både 2 og 3 før me er ferdige, seier Åkra.

Under årets val i kommunen skal ein også telja opp kor mange som er og leverer røyster mellom klokka 20 og 21.

– Me fekk eit spørsmål i valstyret om kor mange som er ute i dette tidsrommet, og om me kan vurdera å stengja tidlegare. Difor tek me no ei teljing for å sjå, seier Åkra.

På Fitjar har 331 personar, av totalt 2.438 personar, levert førehandsrøyst. 

LES FLEIRE SAKER FRÅ VALDAGEN:

Jan (78) meiner det er ei plikt å røysta

Anette (32) var første kvinne ut i Sagvåg