Kværner ASA gjer det godt om dagane melder verksemda i kvartalsresultata sine. Her ser me sveising i plateverkstaden på Stord tidlegare i år.
Kværner ASA gjer det godt om dagane melder verksemda i kvartalsresultata sine. Her ser me sveising i plateverkstaden på Stord tidlegare i år. Foto: Henrik Mundal Andreassen

På veg mot årsinntekt på 10 milliardar kroner

Kværner fortel om høge inntekter og høgt aktivitetsnivå i tredje kvartal.

I tredje kvartal 2019 var Kværners samla inntekter inkludert felleskontrollerte einingar (Field Development Segment) 2,57 milliardar kroner, mot tredje kvartal i fjor då det samanliknbare talet var på 1,79 milliardar kroner.

– Omsetnadsnivået i tredje kvartal speglar av at fleire prosjekt er i ein periode med høgt aktivitetsnivå. Ved evaluering av Kværner er det relevant å ikkje berre vurdera individuelle kvartalsresultat, men først og fremst sjå på dei lengre linjene i selskapets resultat. Difor er eg glad for å seia at me er på plan når det gjeld målet vårt om å auka Kværners verksemd til årlege inntekter på over 10 milliardar kroner, seier konsernsjef Karl Petter Løken.

Kontantar og bankinnskot var ved utgangen av tredje kvartal på om lag 2,4 milliardar kroner. Løken fortel også at Kværner er i dialog med kundar om kommande prosjekt.

– Me forventar at nokre prosjekt vert bestemte i løpet av hausten, seier Løken.