Påfugl på Bjelland: Denne påfuglen dukka opp i Bjellandsvegen onsdag. Foto: Øyvind Hjelmen

Påfugl dukka opp på trappa på Bjelland

Øyvind Hjelmen fekk seg ei overrasking.

Onsdag kveld melder Øyvind Hjelmen om ein påfugl som plutseleg dukka opp i Bjellandsvegen.

– Me er på eigedommen til besteforeldra våre på Bjelland i dag, då han plutseleg dukka opp. Den har gått og spankulert her ei stund, me såg han sist i 18-tida, seier Hjelmen til Sunnhordland.

Frisk og rask – men sky fugl

Hjelmen anar ikkje kor påfuglen høyrer heime, og fortel at den flotte fuglen verka sunn og i god behald, men at eigaren sikkert saknar den.

– Fuglen verkar frisk og rask. Han spring fort av garde og gøymer seg når den ser folk, seier Hjelmen.

Han håpar at nokon dreg kjensel på fuglen ved at biletet kjem ut i media, slik at ein eventuell eigar får kjennskap til at fuglen er på Bjelland.

Kjempeglad eigar

I 20-tida onsdag kveld, ikkje lenge etter at Sunnhordland si sak om påfuglen blei publisert, melder fugleeigar Thomas Nesse på Høyland at dei har henta påfuglen. Heimen på Høyland ligg ikkje mange hundre meterane i luftlinje unna Bjellandsvegen.

– Me trur påfuglen både har floge og gått til beins. Me har leita etter han i tre dagar no, så det var flott at han dukka opp, seier Nesse.

Han fortel at det er snakk om ein ungfugl på to år. Dei har hatt han i halvannan veke, og ved eit uhell klarte han å stikka av garde.

– No er fuglen er trygt heime att, og alt er i skjønnaste orden. Det er heilt strålande, tusen takk til alle som delte dette på Facebook, seier Nesse.

Les også
Fin helsing til turfolket
Les også
Frode (40) har 150 fuglar