Påskequiz: Frå onsdag 8. april kan du finna quiz langs løypa rundt Ådlandsvatnet. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Påskequiz utandørs for heile familien

Frå onsdag 8. april vil du finna quiz-spørsmål langs ruta rundt Ådlandsvatnet.

Sunnhordland heng ut spørsmål langs løypa til høgre for brua når du kjem frå kyrkja, slik at familiar og andre på tur kan ha det moro på vegen.

Dei ulike postane vil innehalda svar nedst på papiret, og det er ikkje lagt opp til noko premie eller innsending av svar. Tanken er at ein skal ha noko å grubla på medan ein går.

Me oppmodar alle om å ikkje ta på quiz-arka, for i hindra smitte. Vis omsyn om du har behov for å ta på arka, bruk hanskar/antibac.

Tag oss gjerne i ein story på Instagram om du er på tur: @sunnhordland.