Koronavirus: Ein person har testa positivt for koronaviruset i Sveio. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Person i Sveio har testa positivt for korona

Det er stadfesta ny positiv prøve for covid-19 hjå person i Sveio kommune, opplyser kommunen på sine nettsider.

– Det er ikkje ein eldre person som er smitta, men ein vaksen mann, opplyser kommunelege Ståle Andreassen.

Vedkommande skal ikkje ha vore i utlandet, og smittesporing pågår.

Kommunelegen vil ikkje seia noko meir om saka, før kommunen har oversikt over situasjonen.

«Minner om smitteverntiltak og ber personar som har luftvegssymptom ta kontakt med testsenter for testing», skriv kommunen.