Dødsulukke: Vogntoget vart stoppa ved Grønåsen i Sveio kommune etter ulukka. Foto: Jan Kåre Ness

Politiet avhøyrer vogntogsjåføren

Vogntoget som var involvert i ei ulukke på Stordabrua torsdag morgon vart stoppa av ein politipatrulje ved Grønåsen i Sveio kommune.

Politiet skriv på Twitter at vitne på staden skal ha sett at vogntoget mista ein gjenstand som trefte eit køyretøy som køyrde i motsett retning. Éin person er stadfesta omkommen.

– Vitne har sagt at det er deler av vogntoget som skal ha falle av, men dette er ikkje stadfesta, seier operasjonsleiar Brit Randulf i Sørvest politidistrikt til Sunnhordland.

Les også
Deler av vogntoget trefte varebilen

Operasjonsleiaren fortel at vogntogsjåføren, ein mann, er i avhøyr der han vart stoppa. Det var også ein passasjer i varebilen som vart treft av gjenstanden. Ifølgje Randulff er vogntoget norskregistrert.

– Sjåføren vert teken hand om av oss og helse, og får naudsynt oppfølging. Krimteknisk frå Haugesund er her og føretek åstadundersøking. Ulukkesgruppa frå Statens vegvesen skal også gjera sine undersøkingar, seier politiførstebetjent Mikal Bjønvik ved Stord lensmannskontor.

Les også
Stengjer brua i fleire timar
Ulukke: Torsdag morgon skjedde det ei dødsulukke på Stordabrua. Foto: Olav Røli