AVSKILTING: Måndag ettermiddag og kveld avskilta Stord lensmannskontor to personbilar på øya. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Politiet avskilta to bilar

Sjåførane hadde ikkje papira i orden og måtte parkera bilane.

Måndag ettermiddag og kveld avskilta Stord lensmannskontor to personbilar på øya.

– Den første vart avskilta i firetida ved Kjøtteinsvegen. Denne bilen hadde ikkje vore på EU-kontroll innan fristen, og fekk ikkje køyra vidare sidan bilen ikkje lengre var godkjent for å køyra på vegen, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved politistasjonen i Haugesund.

Den andre bilen vart stoppa i halv ni tida på kvelden ved Fitjarvegen. Denne bilen hadde vert selt, men ikkje omregistrert, og stod difor på tidlegare eigar.

– Vart det andre reaksjonar enn avskilting?

– Nei, det er ingen reaksjonar på desse sakene, anna enn ein praktisk reaksjon frå politiet si side. Skilta vert tekne av og bilen må parkerast. Deretter må eigaren få bilen sin på kontroll, eller skaffa seg anna nødvendig dokumentasjon for at bilen lovleg kan brukast på vegen igjen, seier Britt Jorunn Løvereide.