annonse

Politiet fann full mann langs E39

STORD
STORD: Ein svært full mann vart funnen vandrande langs E39 natt til onsdag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Vart frakta til Haugesund.

Ingvild Siglen Berger

Natt til onsdag vart ein mann hanka inn av ein politipatrulje på Stord, som fann han gåande langs E39 utanfor Leirvik sentrum.

– Han var så full at han ikkje kunne ta vare på seg sjølv, og vart difor frakta til fyllearresten i Haugesund for oppbevaring. Han kjem til å verta sleppt utan å få noko bot eller liknande, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide hos Haugesund politistasjon.

Mannen var i slutten av 20-åra, og vart funnen av politiet like etter klokka 02.00.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut