Ein svært full mann vart funnen vandrande langs E39 natt til onsdag.
Ein svært full mann vart funnen vandrande langs E39 natt til onsdag. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

Politiet fann full mann langs E39

Vart frakta til Haugesund.

Natt til onsdag vart ein mann hanka inn av ein politipatrulje på Stord, som fann han gåande langs E39 utanfor Leirvik sentrum.

– Han var så full at han ikkje kunne ta vare på seg sjølv, og vart difor frakta til fyllearresten i Haugesund for oppbevaring. Han kjem til å verta sleppt utan å få noko bot eller liknande, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide hos Haugesund politistasjon.

Mannen var i slutten av 20-åra, og vart funnen av politiet like etter klokka 02.00.