Lensmannskontor: Neste år flyttar politiet frå lokala her i Uggdal, til nye, moderne lokale nokre kilometer lenger nord, i Våge. Foto: Arkiv

Politiet flyttar frå Uggdal til Våge

Politiet på Tysnes flyttar inn i nye lokale på Våge, innan sommaren neste år.

Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet har inngått kontrakt med selskapet Fonna AS om leige av lokale, ut frå ei totalvurdering av pris, plassering og løysing. Særleg i høve til pris skilde Fonna AS seg ut.

– Politiet er godt nøgde med gjennomføringa av prosessen. Tilbydarane viste god forståing for dei krav og tilpassingar som krevst for eit moderne og funksjonelt lensmannskontor, og leverte gode forslag på løysingar, skriv prosjektleiar Siren Dale Steffensen i Politiets Fellestjenester (PFT) i ei pressemelding.

Les også
Koronasmitta får 20.000 kr i førelegg etter fest

Leigeavtalen har ei lengd på ti år, frå 2021.

– Eg er glad for at dette no er på plass, og det er ei løysing eg trur både tilsette og innbyggjarar blir veldig nøgde med. Me ser fram til å kunna tilby våre tilsette moderne og funksjonelle lokale, som også er lett tilgjengelege for publikum, seier visepolitimeister i Vest politidistrikt, Olav Valland.

Det var i fjor haust at Vest politidistrikt lyste etter nye lokale, som skulle liggja i området Uggdal, Våge og Lundegrend.

Les også
Meiner politiet overreagerer