Politiet gjev tips for å hindra GPS-tjuveri
I seinare tid har det vore ei rekkje tjuveri av GPS-utstyr. Politiet ser seg nøydde til å komma med tips til korleis å forhindra tjuveri.
Dei siste dagane er det meldt om at GPS-utstyr er stole frå anleggs- og landbruksmaskiner mange stader i landet.
Råda frå Innlandet politidistrikt er mellom anna å installera ekstra lås, installera overvakingskamera og å innføra vakthald for streifpatruljar.
Det blir òg tilrådd å lyssetta lagringsplassar for landbruksutstyr og bygg- og anleggsområde.
Ei anna tilnærming er å kopla frå styringseiningane til GPS-utstyret og fjerna det frå maskiner når det ikkje er i bruk. Både synleg og usynleg merking av utstyret er endå eit råd.
(©NPK)