FUNN: Personen blei funnen i vassdraget som lokalt blir kalla «vassverket». Foto: Hilde Vormedal Nybø

Forbipasserande oppdaga personen i vatnet

Politiet har gjort funn av død person på Stord laurdag ettermiddag.

– Det var forbipasserande som oppdaga personen i vatnet, og slo alarm til naudetatane, seier operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt til Sunnhordland.

Det går ein tursti rundt det oppdemma vatnet.

Ei rekkje utrykkingsbilar har vore på staden i ettermiddag. I 16.30-tida var det politiet igjen. Foto: Hilde Vormedal Nybø

Obdusert

Ein person er funnen omkommen i dammen som blir kalla «vassverket» i Orrebrotet ved Leirvik laurdag ettermiddag.

– Vedkommande blei erklært død på staden. Det er ikkje mistanke om straffbart forhold. Vedkommande blir no obdusert, seier operasjonsleiaren til Sunnhordland.

Lite informasjon

Politiet fekk melding om forholdet klokka 13.10 laurdag.

Skårland seier han førebels ikkje har fleire opplysingar. Dei vil ikkje seia om det er ei kvinne eller ein mann som er funnen.

Skårland seier at politiet rutinemessig vil oppretta ei undersøkingssak kring forholdet.

Les også
Politiet deler fleire opplysningar om den døde i «vannverket»