Politi over heile landet vil vera væpna framover. Foto: Geir Olsen / NTB

Politiet innfører mellombels nasjonal væpning

Over heile landet blir politiet væpna mellombels etter masseskytinga i Oslo natt til laurdag.

– Hendinga i Oslo er alvorleg og blir etterforska som ei terrorhandling. Basert på informasjon frå PST og Oslo politidistrikt har me difor vedteke å innføra mellombels væpning, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.

Det kjem ikkje fram kor lenge den mellombelse væpninga vil vara.

To personar er drepne, ti er alvorleg skadde, og elleve er lettare skadde etter masseskytinga. Ein 42 år gammal mann er sikta for drap, drapsforsøk og terrorhandlingar.

Politidirektør Benedicte Bjørnland. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Eg ønskjer å uttrykkja stor medkjensle med dei som er direkte ramma av det som har skjedd i Oslo, og alle dei som no kjenner på ei frykt, heldt Bjørnland fram.

Pride-paraden og andre arrangement i samband med Oslo Pride er avlyste. Politidistrikta vil gjennom helga vurdere tryggleiken knytt til Pride-arrangement andre stader i landet.