Denne jolla stod i full fyr i Sponavikjo tysdag morgon. No ønskjer politiet å komma i kontakt med eigaren.
Denne jolla stod i full fyr i Sponavikjo tysdag morgon. No ønskjer politiet å komma i kontakt med eigaren. Foto: POLITIET

Politiet ønskjer å koma i kontakt med eigaren av jolla

Stord lensmannskontor mistenkjer at båtbrannen i Sponavikjo kan ha blitt påsett.

Onsdag morgon stodei jolle i full fyr i Sponavikjo på Stord. Politiet har enno ikkje kommen i kontakt med eigaren av jolla, og går difor til lokalavisa for hjelp.

– Stord lensmannskontor Ønskjer å bli kontakta dersom nokon har observasjonar av personar i Sponavikjo i tidsrommet 02.00 til 06.00 eller opplysningar om eigar av båten, opplyser Stord lensmannskontor i ein e-post til Sunnhordland.

Båten hadde påhengsmotor, kanskje ein Yamaha 4-taktar av ukjend storleik. Båt og motor er utbrent, og politiet mistenkjer at båtbrannen er påsett.