KONTROLL: Politiet stoppa bilistar ved Rommetveit skule torsdag morgon. Arkivfoto

Politiet stoppa 40 bilistar ved barneskule

Såg spesielt etter sikring av barn i bil og bruk av mobiltelefon.

I løpet av torsdag morgon blei 40 bilar stoppa ved Rommetveit skule. Av desse var det berre éin bilist som hadde noko å svara for. Vedkommande hadde ikkje sikra barnet godt nok i bilen, og fekk levert eit forenkla forelegg, ifølgje Sørvest politidistrikt.