No skal politiet ved Bergen lufthavn Flesland få gå med våpen. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Politiet væpnar seg på Flesland

Torsdag gav Justisdepartementet samtykke til at politiet ved Bergen lufthavn Flesland blir væpna.

Bakgrunnen er ein førespurnad frå Vest politidistrikt, som meiner at væpning er naudsynt for å beskytta flyplassen ved eit eventuelt terrorangrep. Førespurnaden frå politidistriktet byggjer på ein risiko- og sårbarheitsanalyse.

– Etter utbygginga av Flesland blei avstand til innlåste våpen uforholdsmessig lang. Ved å innføra væpning på flyplassområdet sparer me verdifulle minutt ved ei eventuell hending. Eg er nøgd med at førespurnaden min fekk gjennomslag. Dette gjer me for å vareta sikkerheit til reisande og tilsette ved flyplassen på ein endå betre måte, seier politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad, i ei pressemelding.

Les også
Saftig bot for restaurantbesøk med våpenkopi

– Politidirektoratet har vurdert førespurnaden, og etter grundig overveging støttar me Vest politidistrikt i at væpning ved Flesland er eit naudsynt tiltak, seier Tone Vange, beredskapsdirektør i Politidirektoratet.

Flesland peikar seg ikkje ut som eit sannsynleg terrormål, men ifølgje politiet kan skadepotensialet ved eit angrep mot flyplassen vera stort. Væpning gjer at politiet kan respondera raskare dersom eit angrep skulle skje på flyplassen.

– Væpning er difor naudsynt for å vareta politiet sin innsatsevne og setja politiet i stand til å kunna avverja eller stansa eventuelle angrep og avgrensa skadeomfanget av eit pågåande angrep, seier Vangen.

Les også
Politiet strammar inn reglane for knallvåpen