PREMIERE: Den nye podkasten «Camilla vil ha baby» er no tilgjengeleg der du lyttar til podkast. Foto: Kristine Brandsdal Barane

Premiere på ny podkast-dokumentar

Få med deg første episode av «Camilla vil ha baby».

No kan du komma tett på prosessen i Camilla Abelsen (33) sine forsøk på å bli gravid. Stordabuen har nemleg sleppt Sunnhordland-journalist Kristine Brandsdal Barane tett på livet sitt, frå første møte i februar i år og heilt fram til nyleg.

Det heile er blitt ein seks episodar lang podkast-dokumentar. I dag tidleg er første episode tilgjengeleg.

«Camilla vil ha baby» er første serie i den heilt nye podkasten Sunnhordland dokumentar.

– Eg kom over Camilla si utrulege historie ved ein tilfeldigheit på Instagram for nesten eitt år sidan, heilt i starten på februar. Der hadde ho delt ope at ho har utfordringar med å bli gravid og har spontanabortert fleire gonger. Eit aktuelt tema, som mange kjenner til, men som få snakkar høgt om, seier Barane.

Følg med på Sunnhordland.no/camilla. Og følg gjerne Sunnhordland dokumentar der du lyttar til podkast.