Kontroll: Ein mann i 40-åra blei teken i laserkontroll på E39. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen.

Råkøyrde forbi politiet sin laser

Ein mann i 40-åra køyrde 137 km/t i 80-sone på E39.

Tysdag kveld målte Utrykkingspolitiet (UP) ein sjåfør som låg heile 57 kilometer i timen over fartsgrensa, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Mannen blei teken i laserkontroll i området Raunholm/Eide på Fitjar. Han mista førarkortet på staden og blei meldt for hendinga.

Åtte andre sjåførar fekk forenkla førelegg i kontrollen.