Ein mann i 40-åra ramponerte leilegheit og var trugande ovanfor ein anna mann. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Ramponerte leilegheit og var trugande

Mannen var trugande og gjekk berserk i ei leilegheit.

Rundt klokka 23.45 fredag kveld fekk politiet melding om ein mann som verka trugande ovanfor ein anna mann på Stord.

Sørvest politidistrikt skriv på Twitter at den trugande mannen skal ha ramponert leilegheita til meldar.

Mannen i 40-åra blei bestemt arrestert, mistenkt for kroppskrenking og vart køyrd inn i arresten.

Politiet skriv at det er ukjent om dei to personane hadde noko relasjon.

Les også
Ungdommar meldt for hasjbruk