Har opna E39 etter trafikkulukke

Tre personar var involvert i ulukke på E39 mot Halhjem.

Trafikken gjekk berre i sørgåande felt, opplyste Vest politidistrikt.

Tre bilar skal vera involvert i ulukka, og éin person skal tilsynelatande vera lettare skadd, ifølgje politiet.

Vegtrafikksentralen melde om redusert framkjømd.

Ein bilbergar skal vera på veg til staden. Ulukka skal ha skjedd ved avkøyrlsa til Reset.

Klokka 15.00 melde Vegtrafikksentralen at vegen er open.