Regjeringa går for sørleg kryssing
Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) og kommunalminister Monica Mæland (H) har avgjort saka.
På ein pressekonferanse om bord i ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg torsdag morgon, stadfesta dei to ministrane at dei har bestemt seg for kvar brua skal kryssa over Langenuen.
Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og samferdsleminister Jon Georg Dale, sa i dag at regjeringa går inn for søndre kryssing. Monica Mæland sa at dette gav dei beste ringverknadane regionalt og nasjonalt. Ho var open på at begge alternativa ville gje store naturinngrep.
Men at søndre kryssing var det beste, og at dette også var eit ynskje frå både i Sunnhordland og fylket. Dette hadde dei valt å lytta til.
Les også: Ser for seg ei 1.720 meter lang hengjebru over Langenuen
Det har i lang tid gått føre seg ein kamp om trasévalet mellom Stord og Tysnes, og eit nærmast samrøystes Sunnhordland har meint at det beste var sørleg kryssing. Då vil brua gå over i området der ferja i dag går over. Hadde ein valt det midtre alternativet, hadde brua gått frå Raunholm og derifrå mot Tysnes.
Vegvesenet har understreka at det vil verta billigare å kryssa over midten, i staden for i sør.
Meiningar:Bømlafjordtunnelen - det ingen vil snakka om