Næringsminister Iselin Nybø. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Regjeringa løyver 250 millionar til reiselivsnæringa

Ei ny ordning med 250 millionar kroner i potten skal hjelpa reiselivsnæringa med omstilling og gjenopning.

– Reiselivsnæringa er hardt råka av koronapandemien. Reisevanane til folk er dramatisk endra, og store delar av marknaden er borte. Difor blir det innført ei ny ordning der reiselivsaktørar kan søka om pengar for å omstilla seg den nye kvardagen eller for å tilpassa seg smitteverntiltaka som er sett i verk. Me trur det bidrar til at fleire overlever krisa, seier næringsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Ordninga skal gje reiselivsverksemder mogelegheit til å gjennomføra omstillingsprosjekt som gjer dei i stand til å halda i gang kundegrunnlaget, tilpasse seg smitteverntiltak og endringar i reiselivsmarknaden.

Det er Innovasjon Norge som skal administrera ordninga, og bedrifter kan søka om pengane via heimesidene deira innan 15. september. For å kunna søka må verksemda ha hatt ei gjennomsnittleg omsetningssvikt for månadene juni, juli og august på minimum 30 prosent.

Den nye ordninga er no godkjent av overvakingsorganet til Efta ESA.

(©NPK)