Regjeringa vil greia ut forbod mot homoterapi
Regjeringa har varsla Stortinget om at dei set i gang ei utgreiing av eit forbod mot såkalla konverteringsterapi.
Nyheita kjem i ei pressemelding frå Høgres stortingsgruppe fredag.
Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) skriv i eit brev til Stortinget at ho vil setja i gang «ei utgreiing om korleis praksis som har til formål å endra den seksuelle orienteringa til personar eller kjønnsidentitet steller seg til nasjonal lovgiving og menneskerettar, medrekna diskrimineringsvern og trusfridom».
– Eg og Høgres stortingsgruppe er svært glade for at me no greier ut eit forbod mot ein praksis som skadar og traumatiserer menneske i ein allereie vanskeleg situasjon, seier Kristin Ørmen Johnsen, komitéleiar for familie- og kulturkomiteen for Høgre på Stortinget.
KrF-leiar og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad har tidlegare uttalt at han ikkje ser behovet for ei slik utgreiing.
(©NPK)