Flammar opp av taket: Biletet som Sunnhordland fekk tilsendt av ein tipsar laurdag morgon viser den overtende bustaden i Mosahaugen i Sagvåg. Foto: Lesarfoto

Rekkjehus fullt av festdeltakarar byrja å brenna i Sagvåg

Ingen personskade er meldt etter den dramatiske brannen i Mosahaugen burettslag i Sagvåg grytidleg laurdag morgon.

– Me har kontroll på alle festdeltakarane som skal ha vore i huset, og det skal ikkje vera snakk om personskade, fortel innsatsleiar Hans Kristian Dahl ved Stord lensmannskontor.

Han fortel at politiet fekk melding om brann rundt klokka 05.20 laurdag morgon.

– Då dei første naudetatane kom til staden stod flammane opp av taket. Det var overtenning i bustaden. Personane i huset har evakuert seg sjølv ut, og blei tekne hand om av helse på staden.

Overtent: Då naudetatane kom til brannåstaden laurdag morgon så var dette rekkjehuset i Mosahaugen overtent, og flammane stod ut frå taket. Foto: Kjetil Østrem

Dahl fortel at det har vore fest i bustaden i natt, og at det var mykje folk i området då politiet kom.

– Dei som har tilhald i nabolaget har gått heim. Resten har politiet evakuert til Stord legevakt, der dei blir tekne hand om av helsepersonell og Stord kommune. Legevakten var det beste evakueringssenteret me hadde i høve til det vêret som var i dag tidleg, seier innsatsleiaren.

Ingen personskade: Politiet fortel at det ikkje er meldig om personskade etter brannen i Mosahaugen. Foto: Kjetil Østrem

– Kor mange som skal ha vore på festen?

– Det er uvisst.

– Er det snakk om fleire enn 20?

– Eg kan ikkje seia eit antal. Det var mykje folk her, så patruljane har prøvd å få ein oversikt, men den har ikkje eg.

– Kan de seia noko om brannårsaka?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, me kan ikkje seia noko om det. Det må etterforskinga visa.

Innsatsleiar: Politiet sin innsatsleiar, Hans Kristian Dahl. Foto: Kjetil Østrem

Då Sunnhordland snakka med Dahl i 07.30-tida dreiv brannvesenet framleis ettersløkking, men ifølgje innsatsleiaren skal det vera kontroll på situasjonen.

– Kor mange som evakuert av naboar i dei andre rekkjehusa?

– Talet på det har eg ikkje. Men me har evakuert folk i dei tilstøytande husa, og me har kontroll på alle som skal vera i husa rundt.

– Kor lenge vil det pågå ettersløkking, og kor lenge vil vegen opp til Mosahaugen vera stengt?

– Det er uvisst. Det blir så lenge brannvesenet meiner det bør vera stengt, svarar Dahl.

Les også
Mosahaugen herja av ei rekkje brannar på få år. Naboane er i sjokk