Båtliv: Fritidsbåtar på veg inn mot Haugesund. Foto: Steinar Haugberg

Rekordmange tok båtførarbevis i juni

9.359 personar bestod båtførarprøven i juni. Det er det høgaste talet for ein juni månad nokon gong.

– Det er gledeleg at det er stor interesse for å skaffa seg naudsynt kompetanse for fritidsbåt, særleg med tanke på at ekstra mange i år har valt båten som fritidsaktivitet, seier Lars Alvestad, fungerande sjøfartsdirektør, i ei pressemelding.

Les også
Slår av ein prat for båttryggleik

Auke på 60 prosent

Det er snakk om ei auke på nær 60 prosent samanlikna med juni 2019. Også første halvår enda med oppgang til trass for rolege månader i mars og april som følgje av koronakrisa, ifølgje Sjøfartsdirektoratet.

– Det at me endar med ein oppgang første halvår etter ein spesiell vår med korona, syner også at det er gjort ein god innsats både i direktoratet, hos leverandøren vår og hos dei ulike testsentera rundt om i landet, meiner Alvestad.

Båtførarprøven er eit av dei tiltaka som Sjøfartsdirektoratet trekkjer fram som eit viktig tryggleikstiltak når ein skal på sjøen i fritidsbåt.

– Den gir viktig kompetanse som mellom anna gjer at ein kjenner vikepliktsreglane, forstår kva merkinga på sjøen tyder og klarar å lesa eit sjøkart. Sjølv om båtførarbeviset berre dokumenterer teoretisk kunnskap, er dette kunnskap som bidrar til auka tryggleik for båtførar og passasjerar dei har med seg i båten, meiner sjøfartsdirektøren.

Båtførarbevis: Jan Idar Vikse frå Haugesund er ein av dei som tok båtførerprøva i 2019. I år har rekordmange tatt prøva trass utfordringar knytta til koronasituasjonen. Foto: Sjøfartsdirektoratet
Les også
Køyrde frå Stord til Kvinnherad i promillerus – med Kystvakta like bak

Videoovervaka test

Det er firmaet Norsk Test AS som har fått jobben med å forvalte båtførarbevis på vegner av Sjøfartsdirektoratet. Då koronakrisa kom i mars starta dei, saman med Sjøfartsdirektoratet, arbeidet med å finna alternativ når testsentera måtte stengje for fysisk oppmøte.

– Den digitale videoovervaka testen som me utvikla har vore eit viktig bidrag til at mange no i vår og sommar har kunna ta båtførarprøven. Sjølv om testsentera etter kvart fekk opna opp har me framleis testar som vert tekne via videoovervaka test, seier Bernt Nilsen, som er administrerande direktør i Norsk Test AS.

Les også
Må bakka for harde livet når snøggbåten kjem for å bunkra
Les også
Her gjer MS «Sunnhordland» seg klar for 71 grader nord-innspeling