IMPONERT: Ordførar Gaute Epland (Ap) vil takka alla som vil gje ei hjelpande hand i ein krisesituasjon. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Rosar Stord-samfunnet

I ei pressemelding rosar ordføraren heile samfunnet for måten dei har teke tak i situasjonen på.

Søndag ettermiddag sende Epland ut ei pressemelding der han rosar fleire aktørar for måten dei har møtt denne situasjonen på.

– Det er krevjande tider for oss alle. Situasjonen er uavklart, og konsekvensane usikre. Myndigheitene har sett i verk dei mest omfattande krisetiltaka me har sett i fredstid. I helga kom også det første smittetilfellet her på Stord. Det gjer at det heile kjennest endå nærmare og tettare på. Eg har stor forståing for at dette kan skapa uvisse og uro. Og det er viktig at me tek vare på kvarandre i situasjonen me står i, skriv han.

Les også
Maya (9) med rørande bodskap til alle som er redde for koronaviruset

Han legg til at han er imponert over korleis Stord-samfunnet har møtt krisa på, og at han vil rosa eit lokalsamfunn der enkeltpersonar, verksemder, lag og foreiningar er opptekne av å følgja råda frå helsemyndigheitene for å avgrensa smitten.

Og mange har vendt seg til kommunen og vil hjelpa:

•Kværner hjelper kommunen med smitteverneutstyr og tilbyr praktisk hjelp

•Røde kors tilbyr personell til praktisk hjelp og sjåførteneste

•Personar som bur på flyktningmottaket tek kontakt og tilbyr hjelp

•Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt har oppretta nabohjelpgruppe på Facebook.

Les også
Har oppretta nabohjelp-gruppe på Facebook

– Eg vil på vegner av kommunen gje dei alle ein stor takk. Eg vil også rosa dei kommunetilsette som er fleksible og løysingsorienterte, og har fokus på å bidra til å avgrensa smittefaren og samstundes gje tenester i ein ekstraordinær situasjon. Me er gode på dugnad her på Stord. Og eg er overtydd om at me vil komma oss gjennom dette, og vil oppmoda alle om å fortsetja å følgja råda til helsemyndigheitene og ta vare på kvarandre, skriv han.