Ein båtførar køyrde i ring i hamnebassenget i Leirvik.
Ein båtførar køyrde i ring i hamnebassenget i Leirvik. Foto: Steinar Hystad

Rusa båtførar

Alle naudetatar rykte ut til Leirvik måndag kveld etter at ein båtførar køyrde i ring i hamnebassenget.

Sør-Vest politidistrikt opplyser på Twitter at dei fekk melding klokka 20.36 søndag om ein liten fritidsbåt som gjekk i ring i Leirvik hamn.

Naudetatane kom til staden og fekk kontakt med personen om bord.

– Personen, ein mann i 40-åra, framstod som rusa og er teken hand om av helse, skriv dei.

Mannen er ein kjenning av politiet. Han er mistenkt for å ha ført båten i påverka tilstand, og det vil bli teke blodprøve av han.

Etter hendinga er han også meld for truslar mot politiet, forulemping av offentleg tenestemann, og for besittelse av narkotika.

Personen vart teken hand om av ambulansepersonell
Personen vart teken hand om av ambulansepersonell Foto: Steinar Hystad