Ein mann skal ha køyrd rundt i ring i hamnebassenget utanfor Leirvik.
Ein mann skal ha køyrd rundt i ring i hamnebassenget utanfor Leirvik. Foto: MARIUS KNUTSEN/ILLUSTRASJON

Rusa båtførar køyrde rundt i ring

Politiet har oppretta sak.

Klokka 18.30 onsdag kveld fekk politiet melding om at ein skipper på eit fartøy hadde teke hand om ein båtførar som køyrde rundt i ring like utanfor hamna i Leirvik.

Båten som gjekk i ring vart då lege til kai i Leirvik.

Ein patrulje vart sendt til staden, der båtføraren, ein mann i 50-åra stod fram som ruspåverka.

– Mistenkte vart framstilt for blodprøve, skriv politiet i sørvest på Twitter.

Patruljen har oppretta sak.