FULL UTRYKKING: Brannvesenet rykte ut etter meldingar om det som kunne vera ein bustadbrann. Foto: Statens Kartverk/Sunnhordland

Rykte ut etter melding om brann i bustad

Naudetatane rykte ut til Sagvåg.

Fredag morgon klokka 08.52 melde 110-sentralen på Twitter at Stord brann og redning rykte ut på ein mogeleg bygningsbrann i Torkelsneset i Sagvåg.

– Eg kan bekrefta at me er på veg til ein mogeleg bustadbrann ja, seier Frode Lillerud i Stord brann og redning.

I 09.30-tida melder Lillerud til Sunnhordland sin reporter på staden at det ikkje har vore nokon stor brannutvikling, men at det hadde utvikla seg ein mindre brann i tilknyting til ein omn eller peis i huset. Ein brann som eigaren klarte å sløkkja sjølv.

Les også
Tok fyr oppå peisen: brannvesenet rosar bebuar sin innsats