Melding om røyk: Brannmannskapet på Stord og Sagvåg, samt politi og helsepersonell, rykte ut på meldinga om brann i Skotaberg. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen.

Bebuar sovna frå nattmat i omnen

Onsdag morgon rykte Stord brann og redning ut til Skotaberg på melding om mogeleg bygningsbrann.

Mannskapet fekk melding om den mogelege brannen klokka 06.25 og mannskap frå både Leirvik og Sagvåg rykte ut. Det melder 110 Sør Vest på Twitter.

– Me fekk melding om ein mogeleg brann, men det viste seg å berre vera lett røykutvikling frå mat i ein steikjeomn, fortel vakthavande i Stord brann og redning, Jan Tore Bruckner.

Vaktsjef hos Haugesund politistasjon, André Skram Hansen, fortel at naudetatane har kontroll på situasjonen og at vedkommande i leilegheita er utan skade.

– Røyken kom rett og slett frå nattmat i omnen som vedkommande har sovna ifrå, men det var aldri opne flammar. Vedkommande vart sjekka av helsepersonell på staden og er ikkje skada på noko vis, seier Skram Hansen til Sunnhordland.