annonse

Salma-laksen er sendt ut til heile landet

Tre tonn
Tre tonn: Bremnes Seashore hadde ein totalproduksjon på tre tonn 3. oktober. Blant dette blei det funne fisk som inneheldt listeria-bakterien. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv)

Salma-laksen frå partiet som det er funne listeria-bakterie i, er sendt ut til butikkar i heile landet.

Hilde Vormedal Nybø

Det seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore, til Sunnhordland.

Han fortel at små delar av partiet også er sendt til eksport, til Sverige og Frankrike.

Tre tonn

Laksen som det er funne bakterien listeria monocytogenes i, har slaktedato 3. oktober, og blei sendt ut i butikkar rundt i heile landet måndag 7. oktober. Salma har valt å kalla tilbake alle produkt knytt til denne slakte-/pakkedatoen.

– Totalt er det snakk om ein produksjon på 3,6 tonn. I underkant av tre tonn er kommen i butikk, seier Økland.

Han fortel at dei tek prøvar av miljøet i slaktehallen og produkt kvar dag.

– Me fekk svar på prøven som slo ut seint i går kveld, seier Simon Nesse Økland, som fortel at det første dei då gjorde var å kontakta det lokale Mattilsynet.

Ny produksjon

Økland seier at dei har strenge rutinar for vask, sterilisering og demontering. Etter bakteriefunnet har ein også gjort ekstratiltak.

– Me har teke prøvar i ettertid, og dei har vist seg å vera fine, seier Økland, som fortel at produksjonen på Bremnes Seashore no går som normalt.

Simon Nesse Økland seier at det også ein gong tidlegare, for nokre år tilbake, hadde eit tilfelle med denne bakterien.

– Men den gongen fekk me stoppa varene før dei gjekk ut i butikk, seier Økland.

Han seier at sidan Salma er eit så ferskt produkt så blir varene sendt ut så raskt som mogeleg.

Farleg for gravide

Ifølgje Veterinærinstituttet er Listeria monocytogenes ein bakterie som kan vera årsak til sjukdom (listeriose) både hos dyr og menneske. Bakterien finst naturleg i miljøet, mellom anna i vatn, jord, vegetasjon og hos ville dyr og husdyr. Den vanlegaste smittevegen for dyr er via ureina fôr, særleg surfôr av dårleg kvalitet.

Vaksne menneske viser ingen eller milde, influensaliknande symptom etter listeriasmitte. Hos nyfødde, gravide og andre individ med nedsett immunforsvar kan ein sjå alvorlegare sjukdom, som sepsis, hjerne- og hjernehinnebetennelse. Hos gravide kvinner kan infeksjonen føra til smitte av fosteret, sepsis hos fosteret og abort.

Les også: Salma trekkjer tilbake laks etter bakteriefunn

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut